... det beste med sykkelen er likevel friheitsfølelsen.

Sykkelhistoria mi starta eigentleg på grunn av Korona-nedstenginga. Sambuaren min og eg har ikkje bil, og det var ikkje så fristande å bruke kollektivtilbodet heller pga. smittefaren. Det kjendest som vi hadde gått same turane i nabolaget hundre gonger. Vi var rett og slett litt stranda! Og snart var det sommarferie. Det var då det slo meg: kanskje det er rett tid å skaffe seg sykkel no? Bra med sykkelvegar var det jo blitt i Oslo òg.

 

Og så hadde eg jo i årevis gått forbi butikken til Sykkelpikene og drøymt litt om ein sånn fin retrosykkel med korg på styret... Då eg lufta idéen om sykkelkjøp for sambuaren min, sa han at "kanskje Sykkelpikene har fine elsyklar?" Dermed var det gjort: eg sjekka nettbutikken, og der stod draume-elsykkelen og venta på meg. Så no er eg den lykkelege eigar av ein Electra Townie Commute Go. Og sambuaren fann seg ein kul Electra Townie Path. No kan vi plutseleg suse rundt i eit betydeleg større område enn vi har sett på lenge - og det tek omtrent like kort tid å sykle til sentrum enn det tek å ta bussen.

 

Eg var veldig spent på overgangen til elsykkel med motor og åtte gir. Men då eg fekk sykkelen, viste det seg å vere kjempeenkelt å finne ut av gir og motor. Og det er SÅ gøy å sykle med motor! Det framstår som magi for ei som måtte skubbe sykkelen sin opp alle oppoverbakkane på Vestlandet i barndommen. Dette er ein glimrande måte å komme seg rundt i byen og ikkje minst ut av byen. Ein kjem mykje lenger enn på ein vanleg sykkel, rett og slett fordi det er så lett å sykle oppoverbakkane.

 

Og så er det jo ein supernydeleg sykkel. Den er perfekt for meg som heller vil sykle i skjørt enn i sportsutstyr. Og den lyseblå fargen er akkurat slik eg ønskte meg. Mineral Blue-fargen kjem med svart sete og holkar, men eg kjøpte brunt sete og holkar ekstra for eit litt meir vintage preg. Eg har allereie fått kompliment for sykkelen på gata. <3

 

Det beste med sykkelen er likevel friheitsfølelsen. No ser vi fram til sommarferie i byen!

 

Hilsen

Trud Antzée

 


Varen er på lager.
Varen er bestilt fra leverandør og leveringsdato er bekreftet.
Varen er bestilt fra leverandør, men leveringsdato er ikke bekreftet.
Varen må bestilles fra leverandør.
Varen befinner seg på fjernlager.
Varen er bestilt fra leverandør, men leveringsdato er ikke bekreftet.
Varene bestilles fra vår leverandørs lager.
Ubekreftet - Ta kontakt med kundesenter for nærmere informasjon.