Hyggelig tilbakemelding fra Anke med Electra Loft Go!

 

Eg har kjøpt meg ein ny elsykkel «Electra Loft Go» modell 2020. Sidan eg var på jakt etter ei mogelegheit å kvitte meg med ein del kilo, tenkte eg at det er lurt å parkere bilen min heime og kjøpe meg endelig ein sykkel til frå sykkelpikene. (har allereie ein vanleg utan motor) Den er ikkje den billigaste, MEN eg har lært meg gjennom årane: Spar litt lenger, kjøp kvalitet og har glede lenge.

 

Litt nostalgi er også med. Sykkelen er laga i Tyskland, Bosch og Diamant er også tyske firma som produserer kvalitet. Eg er frå gamle Østtyskland og kunne berre drøyme om ein ny «Diamantsykkel» Å sykle til jobb med den flotte sykkelen er ein draum! Stabilt, komfortabel å sittje på, lett å bruke. Og ikkje minst er det lett å forstå korleis ein skal bruke sykkeldatamaskina. Ein har 8 gir ein kan stille in på handtaket på høgre side og 3 valg på venstre side. Tour, Sport, Turbo.

 

Så kjekt å sykle opp ein forferdeleg bratt bakke i bygda vår. Den har tatt knekken på meg mange ganger før. NÅ…ingen problem. Topp er at eg har to bagasjebrett som er ganske solid-framme og bak. Sykkelen har lys, lås og ei batteri eg kan tar av for å lade. Selvsagt kan batteriet være på sykkelen mens den lader.

 

Tusen takk til Frode, som kom personleg heim til oss, leverte sykkelen, forklarte den og tok seg ei fin prat med oss. Det kaller eg service!

 

 

Hilsen

Anke H.

Lykkelig Electra Loft Go 8i elsykkel eier